Som ein del av NHF si førebuing til stortingsvalet 2021, har vi gleda av å invitere til kurs i skriving av lesarbrev og kronikkar. Kurset går over to økter onsdagane 9. og 16. juni, kl. 18:00-20:00.

Under den første økta vil vi snakke om betydninga av lesarbrev som kommunikativ sjanger. Vi har alle vår eigen stil og ein bodskap vi ønsker å formidle. Difor skal vi utforske ulike måtar å skrive på, slik at du lettare kan finne den måten som fungerer best for deg. Vi skal sjå på korleis du kan bygge opp ein tekst, korleis bruke fakta, argument, mot-argument samt personlege erfaringar. Vi skal òg snakke om modellesar, tekstkritikk og innsal.

Under den andre økta legg vi meir vekt på sjølve skrivinga. Til dette er det fint om du har førebudd eller begynt på ein tekst, så vi har noko å ta utgangspunkt i. Her kan du få konkrete råd og innspel på dei delane av teksten din der du meiner at utviklingspotensialet er størst. Poenget er ikkje å ha ein fiks ferdig tekst, men at du får kome vidare med nokre råd og tips på vegen.

Hugs at nøkkelen til å skrive godt ligg i mengdetrening – les mykje, skriv mykje! Vi håpar du vil vere med. Send påmelding til kristofer@nhf.no.