Synstolkning: "God jul" skrevet i mel, brukt til pepperkakebaking sammen med pepperkakeformer. Foto: Canva

Kjære alle saman

Som du kanskje alt har lest, kom julenissen tidleg til oss i år også, med 91 ekstra og øremerka millionar til universell utforming. Det er eit svært godt eksempel på at NHF Oslo utgjer ein forskjell for funksjonshemma i byen vår.

Eg veit godt at vi ikkje fikk den smittefrie jula vi hadde ønska oss. Vi ser imidlertid at det arbeidet NHF har gjort for at korona-restriksjonane ikkje skal få betydeleg hardare konsekvenser for funksjonshemma enn andre, framleis gir effekt. Vi lovar at NHF Oslo skal vere vaktbikkje og passe på at det fortsetter slik. Har du ikkje vaksinert deg, er det å ta vaksinen den beste julegava du kan gi både deg sjøl og andre. Eg håper vi alle tenker på om det er nokon som kunne trengt at vi tar ein ekstra telefon i juletida, eller blir invitert med når vi samlar dei vi kan denne jula.

Regionsleder i Oslo, Magnhild Sørbotten. Foto: Ellen Anker Storset

Takk til alle dykk som står på, om du er styremedlem i regionstyret, eller eit lokallag, ansatt, rådsrepresentant, brukerutvalgsmedlem, generelt berre er aktiv, eller du sørger for å gi meg, regionstyret, administrasjonen, rådsrepresentanter og brukerutvalgsmeådlemmer  innspel og erfaringar vi kan bruke i møta med kommunen og politikarane. Takk til deg som deler og likar det vi legg ut på sosiale medier og takk til deg som er medlem. Alt dette bidrar til at vi lukkast meir.

På vegne av regionstyret og administrasjonen i Norges Handikapforbund Oslo ønsker eg deg ei retteleg god jul og eit godt nytt år!

Beste helsing
Magnhild Sørbotten

Regionleder NHF Oslo