Seksjon for habilitering av barn og ungdom inviterer til søskenleir for deg mellom 10 og 16 år som har en bror eller søster med nedsatt funksjonsevne.

Tema for desse to dagane er «å ha søsken med nedsett funksjonsevne». Vi snakkar mellom anna om kva det vil seie å ha ei diagnose og korleis det kan opplevast å vere søsken. Vi har tidlegare gjort det på ulike måtar, til dømes med film og brukarstemme. Det er høve til å dele felles tankar og opplevingar i samtalegrupper. Det vil vere 3-4 fagpersonar til stades frå barnehabiliteringa.

Vi vil ha variert programpå leiren. Ulike aktivitetar inne, som hobbymaling med meir, men også frileik ute som til dømes fotball, sporløp, sykling og roing.

Påmeldt deltakar får tilsendt eige program og praktisk informasjon om leiren når datoen nærmar seg.

Tid: Tirsdag 25.og onsdag 26. juni 2019.
Stad: Brusdalsheimen i Skodje kommune.
Pris: Eigenandel er kr 500.
Påmelding: Dei som ønskjer å delta må ta kontakt med fastlegen til bror eller søster for tilvising. Dersom bror eller søsterallereie er tilvist Klinikk for kvinner, barn og ungdom og får oppfølging herifrå, trengs det ikkje tilvising.

Ring Seksjon for habiliteringav barn og ungdom for påmelding.

Kontaktinformasjon:

Seksjon for habilitering barn og ungdom, Ålesund, telefon:701 06443.

Kontaktpersonar :

  • Anne Grete Nes Djupvik, telefon:701 06453.
  • Britt Søvik, telefon:701 06440.

Adresse for tilvising:

Helse Møre og Romsdal HF
Seksjon for habilitering av barnog ungdom, Ålesund
Postboks 1600, 6026 Ålesund

Påmeld.frist 18.06.2019