Gjennom 40 år har politikarar snakka om likestilling for menneske med nedsett funksjonsevne. Resultata har vore få og små. I 2001 slo den offentlege utgreiinga Fra bruker til borger fast at menneskerettar var viktige for å hindre diskriminering. Det same prinsippet låg til grunn i 2009, då Stortinget vedtok diskriminerings- og tilgjengelighetsloven. I 2013 skreiv Noreg under på FNs funksjonshemmakonvensjon (CRPD). Men diskrimineringa lever framleis. Det ser også FN. I 2019 kritiserte dei Noreg for å ha gjort altfor lite.

Norges Handikapforbund veit kva som fungerer. Difor har vi laga ein likestillingsstrategi. Ein kvar politikar som er opptatt av likestilling, burde bruke denne for å utvikle eigen politikk.

Les meir om Norges Handikapforbunds likestillingsstrategi her.

Menneskerettar

9. mars i år kunne ha vore ein historisk dag. Trass eigentleg fleirtal på Stortinget, vart forslaget om å ta inn FNs funksjonshemmakonvensjon (CRPD) i den norske menneskerettslova nedstemt. NHF har store forventningar til det nye fleirtalet på Stortinget etter valet 13. september. Rasisme, barne- og kvinnekonvensjonen er ein del av norsk lovverk. No må det bli vår tur. Med CRPD i norsk lov, kjem diskriminering framleis til å skje. Men det vil bli lettare for oss å jobbe for likestilling. Menneskesynet i lovverket blir annleis. Det kjem ikkje av seg sjølv. CRPD i norsk lov betyr kanskje lite i seg sjølv – men som verktøy for det vidare arbeidet, vil det bety svært mykje.

Universell utforming

Samfunnet er i liten grad universelt utforma. Hola i velferdsstatens sikkerheitsnett blir større. Vi blir møtt med haldningar om at vi har spesielle behov. Vi blir sett på som sjuke, som om det er noko feil med oss. Difor blir vi ikkje anerkjent som likeverdige borgarar i samfunnet. Lova skal verne oss frå diskriminering, men er for svak til å klare det. Kor bra du har det, avhenger av kva kommune du bur i. For få har vilje til å sette planar ut i livet, og å sette av pengane til det. Dette går utover vår rett til å leve eit sjølvstendig liv, der vi kan få delta og bidra på lik linje med alle andre.

Grunnskulen

Nær 80 % av norske grunnskular er ikkje universelt utforma. Det betyr at mange elevar blir stengd ute frå nærskulen sin, og blir segregerte på eigne skular. Korleis skal folk i samfunnet sjå oss som likestilte innbyggarar, når dei aldri har gått i klasse med ein som oss? Viss den eine jenta i nabolaget som bruker rullestol ikkje får gå på same skulen som dei andre i området, er sjansane små for at ho nokon gong vil bli eit fullverdig medlem av samfunnet. Om du ikkje er vand med å vere ein del av gjengen – men å alltid bli skilt ut. Om du ikkje er vand med å møte faglege utfordringar tilpassa deg – men å alltid bli undervurdert. Om du, frå barnsbein av, blir redusert til å vere ei som skal passast på, ta imot, men aldri får gi, er sjansane for å ta utdanning, få jobb og bidra til samfunnet svært små.

Bufdir har utarbeida eit vegkart som syner korleis alle norske grunnskular kan bli universelt utforma innan 2030. Dette vil koste pengar. Oslo Economics har rekna på at å gjennomføre vegkartet vil vere ei investering som er samfunnsøkonomisk lønsam. Vi treng politikarar som er villige til å investere. Diskrimineringa begynner i barndomen, og varer livet ut. Om vi tar tak i barrierane vi funksjonshemma møter tidleg i livet, aukar vi sjansane for å kome til livs den diskrimineringa som skjer seinare i livet. Alle barn burde ha rett til å gå på sin nærskule, og ha lik rett til utdanning.

Bustader

Dagens regjering er ute etter å gjere det billegare å oppføre bygg og bustader. Dette gjer dei ved å gå laus på kravet om universell utforming. Det vil dei gjere, mellom anna ved å endre formålsparagrafen i plan- og bygningslova. I dag står det at prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Regjeringa foreslår å legge til ei formulering som vil svekke kravet til universell utforming: for boliger skal prinsippet om universell utforming ivaretas gjennom krav til tilgjengelighet. Med tilgjengelegheit meiner regjeringa særtilpassingar for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette er å flytte bustadpolitikken minst 20 år tilbake i tid. Det er allereie stor mangel på universelt utforma bustader. Men regjeringas forslag kjem det til å bli bygd færre i framtida. Dette viser klart regjeringas menneskesyn – vi skal ha særløysingar for sære menneske. Vi må stemme inn politikarar som står opp for det universelle – løysingar som er til for alle.

Arbeidsliv

I følgje SSB er 40 % av menneske med nedsett funksjonsevne i arbeid. Det er altfor få. Vi veit at 105 000 menneske står ufrivillig utanfor arbeidslivet. Dei står ikkje utanfor fordi dei ikkje kan jobbe, men fordi dei blir stengd ute frå arbeidslivet. Dette skuldast manglande universell utforming, men ikkje minst stereotypiar og ei vrangførestilling om at funksjonshemma ikkje bidrar med nytteverdiar, men først og fremst er ein kostnad.

I eit eksperiment sendte forskarane Vegar Bjørnshagen og Elisabeth Ugreninov ved OsloMet ut 1200 falske jobbsøknader. Dei søkte på 600 jobbar, og søknadane var parvis nesten identiske – med den eine forskjellen at det i den eine søknaden vart opplyst om ei funksjonsnedsetting. Funksjonsnivå var ikkje relevant for stillinga, og søknadane gjekk til privat sektor i Oslo-området. Resultatet var nedslåande. Rullestolbrukaren vart invitert til intervju til 69 av 600 stillingar, mens den andre vart invitert til 133 intervju.

Dette er ein grov urett mot den enkelte, og ei samfunnsøkonomisk katastrofe. Difor må vi sjå arbeidsliv i samanheng med skule og utdanning, og revolusjonere arbeidslivet slik at også vi blir anerkjent for vår arbeidskraft. Vi fekk det til for kvinnene. No må vi få det til igjen.

Kva skal til for å bygge eit likestilt samfunn? Vi veit!

  1. Endre haldningar – vi må bli sett på som samfunnsborgarar med rettar og plikter.
  1. Styrking av lovverk og finansiering – vi må sikre likestillinga og innfri menneskerettane.
  1. Sikre deltakelse – vi må ha universell utforming og gode individuelle rettar som gjer at vi kan delta fullt ut i samfunnet.

Ver med å påverke – bruk stemma di 13. september. Og hugs:

IKKJE STEM PÅ DEI SOM STENGER ANDRE UTE!